Vincent Courtois Quartet
«What do you mean by silence?» er den litt kryptiske undertittelen på denne franske kvartettens prosjekt, leia av Pariseren og cellisten Vincent Courtois. Med den ukonvensjonelle settinga cello, vokal, trombone og trommer får vi oppleva nokre av kontinentets mest framtredande improvisasjonsmusikarar med fleire innspelingar på samvitet, m.a. på ECM.
Musikkens temerament skiftar frå låt til låt, open musikk med mykje luft mellom tonane i eine augeblinken, som går over til noko ein nærast kan kalla drum’n bass i neste utført av eit knippe svært dyktige musikarar.
Songarinna Jeanne Added imponerer med ei stemme som inneheld mykje poetisk kraft, trombonisten Yves Robert virtuose trombonespel er ut av denne verda, og Courtois' cellospel varierer frå drøymande, nesten klassisk spel til bruk av effektar som gjer at celloen nesten høyres ut som gitarspelet til Jimi Hendrix.
Vincent Courtois – cello
Jeanne Added – vokal
Yves Robert – trombone
Francois Merville – trommer
Gilles Olivesi – lyddesign
www.myspace.com/vincentcourtois
http://www.letriton.com/LABEL/CD12.html
Konserten er ein del av French Nordic Jazz
Transit, eit program initiert av AFIJMA www.afijam.asso.fr 
English:
Vincent Courtois Quartet
«What do you mean by silence?» is the somewhat cryptic subtitle to the French quartet's latest project, lead by the Parisian cellist Vincent Courtois. The temperament changes from song to song, from open, eerie spaces one minute and something like drum'n'bass the next. The exciting combination cello, vocal, trombone and drums makes for wonderful music – especially Courtois's ability to get the cello to sound like Jimi Hendrix was playing it!

