Tingingsverket Karin Krog og John Surman
TINGINGSVERKET
SONGS ABOUT THIS AND THAT
KARIN KROG OG JOHN SURMAN
Vossa Jazz har i år gleda av å kunne presentera duoen Karin Krog og John Surman som tingingsverkkomponistar til årets festival.
Karin Krog er utan tvil førstedama i norsk jazz. Allereie i 1955 vakte ho fortent oppsikt under jamsessions i Oslo. Karin Krog opptredde på den aller første jazzfestivalen i Molde i 1961, og har sidan den gong samarbeidd med namn som Dexter Gordon, Steve Kuhn, Niels-Henning Ørsted Pedersen, Bengt Hallberg og i dei seinare åra med John Surman. Ho har òg opptredd med fleire av dei mest kjende musikarane i Noreg, som Bjarne Nerem, Arild Andersen, Jan Garbarek, Jon Christensen, Vigleik Storaas og Bjørn Alterhaug. Ho har òg vore elev av Anne Brown.
Karin Krog er kjend frå tallause konsertar, radio- og TV program, seinast fra Den Norske Opera under Oslo Jazzfestival i år, og ho har oppnådd stor internasjonal respekt.
Karin Krog har m.a. motteke Norsk Jazzforbunds «Buddy»-pris i 1985 og Oslo Jazzfestivals «Ella»-pris i 2008. Ho har to Grammy awards i Japan, ho mottok Anders Jahres kulturpris i 2007, og Den Kongelige Norske Sankt Olavs Orden i 2005.
John Surman er engelskmann, men bur i Noreg, og vert i USA omtalt som «sannsynlegvis den beste barytonsaksofonist innanfor jazzen sidan Gerry Mulligan». (All about Jazz, 5. september 2009).
Samstundes, (3. september i år), hadde The New York Times ein lengre artikkel om han i samband med hans engasjement på den berømte jazzklubben Birdland i New York. (Det er svært få forunt å få ein slik brei omtale i ei av verdas største aviser).
John er ein svært allsidig musikar og komponist, og forutan barytonsaksofon spelar han sopransaksofon, bassklarinett og piano. Han har komponert for kor, strykarar, storband, brassband og moderne ballettmusikk for Carolyn Carlson ved operaen i Paris.
Karin og John er begge influert av folkemusikk frå Noreg og frå dei britiske øyar, og er begge interessert i elektronika, men har solide røter i jazzen.
Karin Krog og John Surman arbeidde saman første gong i 1970, då dei var saman i eit band med Europeiske vinnarar i ei Down Beat-avstemning, som resulterte i plateinnspeling i Berlin og turné i Japan.
Karin Krog og John Surman har opptredd som duo på såpass ulike stader som Melbourne i Australia og Mehamn i Nord-Norge - men Vossa Jazz er stolt over å kunne presentera deira første konsert med eige tingingsverk i Noreg!
Til Voss kjem Karin Krog og John Surman med eit heilt nytt ensemble, samansett av den særdeles originale gitaristen Bjørn Klakegg, vestlendingane Magne Thormodsæther og Stein Inge Brækhus og vossingen Ivar Kolve, samt den britiske elektronikamusikaren Paul Herwin. Vi kan lova ei nyskapande og interessant framføring, som gjerne kan gå inn i historia som eitt av Vossa Jazz-historias verkeleg store tingingsverk.
Vossasalen, Park, laurdag 27. mars kl. 18:00
John Surman - saksofoner, keyboards
Karin Krog - vokal
Bjørn Klakegg - gitar
Magne Thormodsæther - bass
Stein Inge Brækhus - perkusjon
Ivar Kolve - vibrafon
Paul Herwin (UK) - lyd / electonika
www.karinkrog.no/
www.johnsurman.com/
English:
Commissioned work: Karin Krog & John Surman
Perhaps of all concerts throughout the festival this is the one the audience and critics hold in highest regard and therefore also have high expectations to. To present two artists like jazz singer par excellence Karin Krog and ditto sax player and composer John Surman does not do anything to lower the anticipation. Since Krog emerged on the stage in 1955 she is no other that Norwegian jazz grand dame and has performed with too many artists to start mentioning any. British-born Surman was coined «probably the best baryton sax player since Gerry Mulligan» by All about Jazz Magazine in september 2009. The duo has worked together before and Surman has this to say about the commissioned work SONGS ABOUT THIS AND THAT:
«Probably the title of the project tells the full story. We have decided simply to present a collection of new songs with different moods and atmospheres. We enjoyed a recent cooperation with the Bergen Big Band whose members included Ivar Kolve, Magne Thormodsæther and Stein Inge Brækhus, so we have invited these three plus the Oslo based guitarist Bjørn Klakegg to join us in the adventure. Both Karin and I are really excited about the possibilities and the songs are growing by the minute.»
Billettar til Tingingsverket Enkeltbillett gjeld som plassbillett.
Festivalpass
Dagskort laurdag
Plassbillett: Gjester med festivalpass eller dagskort må kjøpa plassbillett for å vera sikra plass til denne konserten. Plassbilletten kan kjøpast hjå Billettservice.
Andre billettar til Vossa Jazz

