Stein & Mari
Stein & Mari
Denne duoen har på kort tid opparbeidd seg nærast fenomen-status. Folk snakkar enten stolt om at dei var på konserten på sist års Nattjazz eller med mørkt blikk at dei ikkje fekk den med seg. Studentavisa i Bergen oppsummerer kva ein har i vente musikalsk sett: «Det støy/beatbaserte innledningsnummeret gled fint over i Urheims ettertenksomme gitarklimpring i sang nummer to, akkompagnert av Brunvolls karakteristiske lyse vokal. De to utfyller hverandre i det hele tatt på en utmerket måte, gjennom Hawaii-lystige temaer, jazzaktige låter og det mer rockete».
Det er Mari Kvien Brunvoll sin vokal som dannar grunnlaget for framføringa, og vokalen kunne ikkje hatt betre akkompagnement enn Stein Urheim sitt balanserte gitarspel.
Nytt høvet til å få med denne eksklusive konserten på Vossa Jazz laurdag!
Mari Kvien Brunvoll – vokal, loop
Stein Urheim – gitar, munnspel, fløyte, diverse strenginstrument
Billettar til denne konserten vert lagt ut for sal i januar.

