Sidsel Endresen og Håkon Kornstad
To store improvisatørar møtest i Osasalen i palmehelga på Voss. Sidsel Endresen er ein unik vokalist og lydkunstnar som gjennom si lange karriere har sett varige spor etter seg i jazzen. Endresen har ein sjeldan stor vokalpalett, ein eigen evne til å finne nye måtar å bruke stemmen, ein leiken og engasjerande måte å formidle musikalske stemningar. Sidsel Endresen har sidan 80-talet jobba med nokre av dei fremste musikarane, innanlands såvel som utanlands.
Også Håkon Kornstad har ein utforskande stil i musikken, ein tydeleg appetitt på nye klangar og lyduttrykk, eit stort toneunivers med plass til alt frå stemningsfulle melodilinjer til dei forunderlegast lydstunt. På denne konserten må du vere budd på det meste, når to så kreative og særprega improvisatørar møtest kan alt skje. Ver tidleg ute for å sikra deg billettane til denne!
Sidsel Endresen vokal
Håkon Kornstad saksofonar
English:
Sidsel Endresen & Håkon Kornstad
To great improvisers get together in the intimate venue Osasalen this Sunday afternoon. Vocalist and sound artist Endresen meets sax explorer Kornstad for a unique experience. This will be a journey into a sound landscape that hardly can be explained in advance. The only thing to recommend is that you get there early as there are limited seats here. All the more exclusive for those who get there in time!

