Side Brok på Badnajazzen!
Hiphop frå Hovdebygda! Side Brok vart etablert i 2001, dei leikar med sjangrar. Rap er base og hovudelement, men dei sjonglerer særleg med element frå jazz og reaggi, og dels frå rock, funk og soul.
I år har Side Brok fått det ærefulle oppdraget å leia Badnajazzen, eit av dei mest populære arrangementa under Vossa Jazz. Sjef R skal saman med elevar frå Bjørgum skule på Voss og Brakanes skule i Ulvik laga rapkonsert. Sjefen sjølv har dette å sei: «Eigentleg er "rap" tema nok i seg sjølv, meiner eg, og rap handlar om identitet og leik med ord. Som rappar tar ein utgangspunkt i sitt eige liv og kvar ein kjem i frå, og rappar om det - og det skjer nøyaktig like mykje i Ulvik som i New York, så det er nok å ta tak i..»
Gjer deg klar for urban bygderap!
Runar Gudnason alias Sjef R. / Thorstein Hyl III: vokal
Oddgeir Kristensen - gitar
Knut Sælvik - tangentar
Pål Olav Loftesnes - tangentar
Per Mathisen - bass
Tore Breivik - trommer
Konserten finn stad i Vossasalen, Park, sundag 28. mars kl. 13:00.
English: Commissioned Badnajazz (Children's Jazz)
Mentioned Side Brok and front man Sjef R. Have joined forces with elementary schools in Voss and nearby Ulvik. The idea is to give kids the chance to delve into their inner musical depths with the guidance of a professional musician. Internationally acclaimed and one of Norway's most treasured poets Olav H. Hauge is the main theme for the concert - with a hiphop frame! Always a winner audience wise, make sure you book your ticket early for this one.

