Pratagraf
Pratagraf er den vellukka spleisinga av Jon Balke sitt Batagraf-prosjekt, eit perkusjonsforum med klare impulsar frå Cuba og Latin-Amerika og med plata «Statements» på ECM bak seg. No har dei fått med seg ordkløyvarane Espen Beranek Holm og Are Kalvø i ei burlesk vidareføring av konseptet til Batagraf. Tenk deg Dagsrevyen akkompagnert av ein rytmeseksjon! Det kan seiast å vera i same ånd som 60-talets "spoken word sessions", der karar som Lenny Bruce tok med seg musikarar for å fyra av sine kritiske og morosame merknader mot samfunnet. Me kan ana ei dose språkdadaisme bak trommevirvlane og venta oss ei noko uvanleg oppleving på scena denne kvelden.
Pratagraf:
Espen Beranek Holm - prat
Are Kalvø - prat
Jon Balke – keyboard
Helge Norbakken – perkusjon
Kenneth Ekornes – perkusjon
Ingar Zach – perkusjon


