Polkabjørn og Kleine Heine
Kva treng det mangfaldige musikk-Noreg meir av? Jodling! Då er det godt me har Polka-Bjørn til å forsyna oss med liflege tonar frå Tyrol og andre alpar. Duoen har på korttid rukke å bli eit undergrunnsfenomen på veg til overgrunnen i rasande fart, nesten like raskt som den forrykande trekkspelinga til Kleine Heine. Dei har spelt både på Oslo Poesifestival og Moldejazz, samt utallige små og store konsertar i Bergen for meir eller mindre førebudd publikum. Ein kan ikkje annaenn å bli hovudristande imponert - både over dyktigheita deira og ikkje minst det spinnville repertoaret til desse unge herrane. Tenk deg Fraülein Maria og Roland Cedermark på speed! Ta fram lederhosene og sjå fram til ein særdeles eigenarta konsert på Torget eller på Hanguren, Voss sitt svar på Matterhorn.
Bjørn Tomren – jodling
Heine Bugge – trekkspel

