Mike Gallaher Trio
Amerikanaren Mike Gallaher har spelt med dei fleste og dei største. Det skulle vere nok å nemne Joe Cocker, som han turnerte verda rundt med på slutten av 90-talet. Då Mike spelte med Joe Cocker under Ole Blues Festivalen (Bergenfest) i 2000, møtte han sin store kjærleik frå Voss. Etter nokre år i USA har familien no flytta tilbake til Voss.
Kåre Opheim (m.a. Real Ones) og Øystein Lydvo (Good Time Charlie) er fødde og oppvaksne på Voss.
Tankane går fort tilbake til Cream når desse tre karane kokar i hop. Dersom du er svak for det klassiske rocketrioformatet frå 60- og 70-talet, bør du ikkje gå glipp av dette!
Mike Gallaher – gitar, vokal
Øystein Lydvo – bass, koring
Kåre Opheim – trommer, koring
27. jan 2009

