Wunderkammer

wunderkammer_collage

Foto: Jørgen Lie Furuholt

Back on popular demand! Wunderkammer vart danna i Haugesund midt på 90-talet av mellom andre musikar og filmskapar Pål Jackman. Musikken var ei blanding av fleire ulike stilartar som sigøynar- og balkanmusikk rock klezmer og jazz og blir gjerne kalla forgjengaren til Kaizers Orchestra. Låtmaterialet var basert på tekstar av kjende poetar som Poe og Goethe samt coverlåtar som Marlene Dietrich-hiten «Ich bin von Kopf bis Fuß auf Liebe eingestellt».

Denne sofistikerte miksen av ymse verdsmusikk framført av entusiastiske dyktige utøvarar førte til stormande jubel og fulle lokale. Bandet gav ut to album det siste i 2002 før dei vart oppløyste. I Europa i renessansetida hadde dei særskilde rom der udefinerbare og til no ukjente saker og ting frå heile verda vart samla saker og ting det ikkje var mogleg å setja i bås. Namnet på tysk? Wunderkammer. Tilfeldig val av namn? Sjølvsagt ikkje!
Per Zanussi – bass
Børge Fjordheim – trommer
Johan Egdetveit – trekkspel
Pål Jackman – gitar vokal
Gjertrud Økland – fiolin
John Lilja Oud – bass
Gjest: Nils Økland – fiolin

In English:
In the mid-nineties a band emerged with a total different sound and approach to live music. Wunderkammer pioneered the Norwegian stage with their gipsy-influenced balkan-flavoured blend klezmer rock and jazz hand in hand. The repertoire spans from self-composed tunes based on poems by Goethe and Poe to the Dietrich-hit «Can’t help it». Perhaps not so unusual today but get back to the roots and find out how this band is still talked about almost 10 years after they put down their instruments.

Del gjerne!