Vossakveik
makt og motmakt:
TA STYRINGA FOR SVINGANDE
Victor D. Norman, Anne Viken og Einar Øverenget er alle engasjerte i spørsmål om utvikling og verdiskaping. Kor finn me krafta og kva liv er det laga på landsbygda?
Victor D. Norman er professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole og har vore forskar i ei årrekkje. Han var statsråd i regjeringa Bondevik og har medverka i ei rekkje offentlege utval. Norman er òg skribent, m.a. i DN. Norman utfordrar og provoserer, og med hans innsikt og kompetanse vert det skapt dynamikk og refleksjon i dei fora han uttalar seg.
«Dersom man ikke samles om lokal makt er det ikkje motmakt det skorter på, men viljen man har til å bruke den makten man har».
Anne Viken er utdanna veterinær, med fordjuping i antropologisk medisin. Ho er òg skribent, spaltist, journalist og bloggar. Viken meiner ustanseleg mykje om Distrikts-Noreg. Ho har ei stemme som røskar i etablerte sanningar og førestellingar, og har klare mei- ningar om kva som er Bygde-Noregs største utfordringar.
«Heller enn å dyrke den upersonlige medkulturen, kan ein dyrke det personlige, nære og ikkje minst unike. Utkantane må faktisk skjerpe seg!»
Einar Øverenget har doktorgrad i filosofi, er forfattar og foredragshaldar. Øverenget er husfilosof i Nitimen, God Morgen Norge, og fast spaltist i DN, Magasinet Dagbladet og i Finansfôrum. Med meir enn tjue års erfaring føreles Øverenget med stor tyngde omkring spørsmål knytt til etikk, moral og filosofi. Med glimt i auget leverer Øverenget inspire- rande og tankevekkande presentasjonar som ikkje let tilhøyrarane vera urørde.
«Hva kan få oss ut av dagliglivets modus og til å begynne å reflektere? – Ta styringen for svingende!»
Møteleiar: Sjur Hjeltnes
Karl Seglem. Det vert eit eksklusivt møte med årets Tingingsverkkomponist.
Etter seminaret vert det fingermat og sosial samkome på Fleischer’s Hotel.
Opning Vossa Jazz-utstillinga, «Nowhere better than this place»
For dei som ynskjer er det høve til å delta på opninga av årets Vossa Jazz-utstilling i Banksmidja klokka 20:00. Årets festivalkunstnar er Elin Brissman.
Pris
- Seminar (med lett servering), fingermat og sosialt samvere på Fleischer’s: kr. 550,-
- Seminar (med lett servering): kr. 250,-
Bindande påmelding til kari@vossajazz.no innan 22. mars.
Alle interesserte er velkomne!
Du kan lasta ned invitasjonen som pdf under her, sjå vedlegg.
| Vedlegg | Storleik |
|---|---|
| 1.28 MB |



