Tingingsverket Rubicon kjem på plate

I 2014 laga Mats Eilertsen det kritikarroste tingingsverket Rubicon til Vossa Jazz. Avisa Hordaland avslutta si omtale av konserten med følgjande sterke oppmoding:

«Viss ikkje dette tingingsverket kjem på plate, må ein eller annan gå på rommet sitt og tenkja seg vel om.»

No kan endeleg ein eller annan koma ut att – for på nettsida si melder Mats Eilertsen at Rubicon-prosjektet no er innspelt og ferdigmiksa. Opptaka er gjort av Jan Erik Kongshaug i Rainbow Studios i Oslo, og plata kjem ut på ECM i 2016.

Mats Eilertsen fortel til Vossa Jazz at han gler seg stort til å sleppa albumet i 2016 og at han er takksam for at Vossa Jazz initierte dette prosjektet. Etter uroppføringa i 2014 har Rubicon-prosjektet tatt spanande veger:

– Eg vart kontakta av Jan Ole Otnæs og Nasjonal Jazzscene ein stund etter Vossa Jazz i 2014. Dei var interesserte i å senda verket på turné, som eit ledd i å sikra bestillingsprosjekt som dette eit vidare liv etter den første framføringa.

Når Rubicon-gjengen skulle samlast igjen for å spele konsertar tok Eilertsen like godt kontakt med Manfred Eicher i ECM og spurde om han var interessert i å gje ut musikken på plate. Han takka ja, og då starta jobben med å gjere tingingsverk til plate.

– Plateformat og konsertformat er ikkje nødvendigvis det same. Det var i utgangspunktet for mykje musikk til ei plate, me måtte ta fleire vanskelege valg og drepe fleire «darlings» i prosessen. Det var spanande og sjå stoffet transformere og utvikle seg på turné og i studio under produsent Eichers vegleiing.

Om ein ikkje orkar å vente heilt til neste år med gjenhøyret kan ein oppleva Rubicon-gjengen på følgjande spelestader denne veka:
torsdag 22. okt: Arendal Kulturhus
fredag 23. okt: Bergen Jazzforum
lørdag 24. okt: Dokkhuset i Trondheim

Besetninga på albumet er:
Trygve Seim – sopran- og tenorsaksofon
Eirik Hegdal – klarinett, sopran- og barytonsaksofon
Rob Waring – marimba og vibrafon
Thomas T. Dahl – gitar
Harmen Fraanje – piano og rhodes
Olavi Louhivuori – trommer
Mats Eilertsen – bass

(kjelde: www.matseilertsen.com)

Del gjerne!