Stor stas med storbandjazz og svensk komponist

eirikasheim-1_2

Det er heile ti år sidan den svenske komponisten Lars Jansson var på Voss no tok han endeleg turen igjen. Denne gongen saman med Bergen Big Band som er godt etablerte i jazzverda både nasjonalt og internasjonalt.

Dei privilegerte tilhøyrarane i salen fekk den store ære og glede av å høyra eit heilt nytt verk. Jovial stemning med komponisten sjølv som geleida oss gjennom konserten med ein lett leiken og humoristisk tone. Han har henta inspirasjon frå blant anna den russiske komponisten Dimitrij Sjostakovitsj men også frå sitt eige liv. «To a Sweet Dad» og «Dad Up In A Three» blei framførd med god innleving.

Jansson imponerar som dirigent og ikkje minst som pianist bandet leverer den eine hjartestoppande soloen etter den andre. Her er det ingen som leiker musikarar dette er ekte vare og vel så det.

Nært umåteleg behagelig samt energisk til tider jazz med ei djup og ekte sjel.

Del gjerne!