Stem horna, Jazzintro kaller

I samarbeid med Nattjazz, Maijazz, Kongsberg Jazzfestival, Moldejazz og Norsk jazzforum skipar Vossa Jazz til Jazzintro for 10. gong.

Jazzintro er eit lanseringsprogram for unge norske jazzmusikarar og bandet som går av med sigeren vil dei to påfølgande åra få ei lanseringspakke som inneheld konsertar på klubbar og festivalar i samarbeid med dei regionale jazzsentra. I tillegg får bandet eit arbeidsstipend frå Gramo på 150 000 kroner.

To av banda som vert valt ut til å delta skal spele på Vossa Jazz 2016.

Sjå her for informasjon hjå Jazznytt/Norsk jazzforum.

Del gjerne!