Sol ute, sol inne!

gamlekinoen blomar trude

Om vêret held er ikkje så farleg, for me har telt og varmelampar til disposisjon! Når det gjeld vorspiel, så har me våre eigen uteservering for fyrste gong! I Gamlekinoen kan du sita turt og godt og kjøpa både mat og drikka. Voss Bryggeri, Organic Soup Company og Vossakjøt syter for lokale godsaker – høyrest det ikkje godt ut med ein skikkeleg vossaburger? Og så er det på høg tid å sikra seg huskorta for dei som vil få mest mogleg ut av festlegheitene fredag og laurdag kveld. Når du har lyst å svinga litt på deg, går du sjølvsagt i Pentagon. Laurdag kveld vil Mats Berven (frå Kniv og taffel og generelt moromann) dra i gang jam her med impulsive innslag og dansbar musikk både i og mellom slaga. Du og du, som me skal kosa oss!

Opningstider Gamlekinoen/uteservering:

Torsdag: 16.00 – 00.00

Fredag: 16.30 – 01.00

Laurdag: 11.00 – 01.00

Sundag: 12.00 – 18.00

Kjøp billettar på Ticketco

Del gjerne!