Sigrid Moldestad: Vintersong – konsert 10. desember

Sigrid Moldestad

Folkekjære og kritikarroste Sigrid Moldestad legg også i år ut på førjuls-turneen “Vintersong”, og gjev ut 3 nye songar i ein eigen jule-EP. Ei blanding av hennar eigne stemningsfulle songar og andre nostalgiske låtar vil fylle både utgjevinga og konsertstadane ho besøkjer før jul.

Turneen fylgjer opp suksessen frå i fjor, der Sigrid skapte magi i utselde hus. I år vert råma ekstra nær og intim når ho tek med seg Oslo Strings. Strykekvartetten er kjende for å utfordre grensene for kva og kor eit strykeensemble skal vere og har jobba med alt frå Karpe Diem, Siri Nilsen, Marit Larsen og Kurt Nilsen til meir tradisjonelle klassiske uttrykk. Saman med gitaristane Mattias Perez/Adam Johansson og med-arrangør Karl-Johan Ankarblom, vil songane til Sigrid Moldestad få ei ekstra stemningsfull innpakning.

Vintersong vert ein varm konsert til ettertanke, glede og håp. “Eg veit det er ein floksel, men det gjer den ikkje mindre sann: fred og kjærleik, peace and love- det er det det handlar om! Det er det ein vil og bør gje til kvarandre. Musikk er kjærleikens språk. Den er raus og går på tvers av tru, religion, julebodskap og alt. Vi kan ikkje seie det ofte nok slik verda er i dag», seier Sigrid Moldetad.

Ho har gjeve ut 4 plater etter debut som soloartist i 2007. Den siste kom i fjor. “Brevet til kjærleiken” med tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim tonesett av Moldestad. Plata vart mellom anna kåra til “Årets album”, uansett genre i NKR P1 ́s “Norsk på Norsk”. Moldestad turnerar stadig med sitt eige band og har med sitt genreoverskridande uttrykk spelt på så vel Malakoff Rockfestival, Førde Folkemusikkfestival og Vossa Jazz. Ho har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Spellemannsprisen for plata “Taus” i 2007. I tillegg til eigne prosjekt spelar ho også jamt i Karl Selglem Band.

Gamlekinoen torsdag 10. desember kl. 20:00.

Denne konserten er no utseld, det er sett opp ekstrakonsert kl. 17:30. Kjøp billettar her.

ticketco

Del gjerne!