Sigrid Moldestad: Brevet til kjærleiken

unknown_0

Ved hjelp av dikta til Jan Magnus Bruheim tek Moldestad oss med på ei reise som inneheld sårt sakn men og leik og løye. Perkusjon slentrar side om side med drøymande orgelbrus. Komposisjonane går ein lett åt hjarta stundom åt smilebanda og for underteikna rakt åt tårekanalen.

Å få eit innblikk i korleis eit kjærleiksbrev skal komponerast er ikkje gjeve alle å få. Om ein så må sitje i trappa; Moldestad er vel verdt tresmaken.

Del gjerne!