Power up at Pentagon
Klumpaniet herja Pentagon med rytmisk jazz og driv av ei anna verd. Flytande, nærast svevande til tider, men alltid med den suggererande rytmen i botn.
Med levande rhodes-soloar, saksofonspel med sting og superrytmiske trommer leia av trombonist Brage Rognlien, tek dei overgangane til nye høgder. Voss sine eigne har verkeleg sugd til seg av år med Vossajazz og viser til fulle at arven vert videreført.
Søndag, 28. mars 2010 - 0:19

