Nytt Tore Brunborg-verk via e-post
Tore Brunborg hadde fredag urframføring av prosjektet Scent of Soil på Vossa Jazz. Brunborg tykkjer det er viktig å ha eit bakteppe og utgangspunkt i noko ein likar når ein lagar musikk, og denne gongen er naturen inspirasjonskjelda. Låtane har Brunborg komponert saman med Kirsti Huke, medan det er Huke som har stått for alle tekstane.
Brunborg og Huke vart kjende i fjor gjennom tingingsverket til Terje Bjørklund på Trondheim Jazzfestival, der dei begge var solistar, og dei fann då ut at dei hadde ein del felles referansar.
- Rett før Tore tok kontakt var eg på veg til å flytte til USA, så heile prosjektet har eigentleg vorte ordna på e-post der me sendte filer fram og tilbake, fortel Huke som seier det er ei stor ære å få så mykje ansvar som ho har fått på prosjektet til Brunborg.
Dei elles unge artistane Rune Nergaard, Petter Vågan og Gard Nilssen har Brunborg vald ut etter kva musikk han ynskte å få fram.
- Alder spelar ikkje noko rolle når det gjeld musikk, det er kva du er opptatt av som er viktig, fortel Tore Brunborg, og legg til at musikarane han har med på prosjektet var eit blinkskot frå fyrste øving. Konserten vart tatt opp på P2, men om det vert nokon CD er endå ikkje sikkert.
- Det veit me ikkje endå, men det hadde absolutt vore stilig, seier Brunborg som får medhald frå Kirsti Huke som seier ho håpar det vert gitt ut album.
Last ned høgoppløyselege bilete her: http://vossajazz.no/presse/bilete2010/fre/torebrunborgsscentofsoil/
Foto skal krediterast Vossa Jazz/ Brynjar Vik
For meir informasjon ta kontakt med
Brit Aksnes, presseansvarleg, tlf 980 56 274
Trude Storheim, tlf 95 76 12 57

