Musikarar med eit meisterleg og perkusjonært forhold til musikken

laiagencs_adnedyrnesli-1-2

Trioen som kjem heile vegen i frå Vest-Tyskland serverte herlege vakre komposisjonar som gjorde det lett å senke skuldrane og puste inn den avslappa atmosfæren.

Tonane svevde gjennom salen og sjølv om det var mykje harmoni og solid samspel inni biletet var det rom for litt improvisasjon og ikkje minst nokon utruleg imponerande trommesoloar.

Overgangane var fine og flytande og det var stundom vanskeleg å vite når det eine stykket slutta og det neste byrja. God medisin for dei som måtte vere litt trøytte etter ein takløftande jazzlaurdag.

Del gjerne!