Musikalsk kamelon med heile verda som bakteppe

odin_dronen-11

Ho er som ein musikalsk kamelon. Det er sjeldan ein ser ei stemme verta vridd og vrengt i så mange retningar og gjev eit så variert uttrykk som det Akihary viste oss i kveld. Vanlegvis består bandet av Akihary og gitaristektemannen Niels Brower men i kveld hadde dei og med seg Vasco Triller på trommer og Wolter Wiebors på trombone. Denne samansetjinga var krutsterk!

Musikkuttrykket smaug seg mellom folkemusikk samtidsmusikk og overraskande improvisasjon med røter frå heile verda. Det vart intenst utfordrande insisterande bråkete pulserande røft og vart – alt på ein gong. I den nydelege tolkinga av Crosby og Nash sin ”Guinivere” tok stemninga ei ny retning. Her byrja uttrykket i det kjende og trygge før ein bygde opp og endra strukturane til dei fekk nytt liv. Det musikalske taket var høgt i den fullsette Festsalen denne fredagskvelden.

Del gjerne!