"Mellom panikk og kjedsomhet"
Vossa Jazz skipa i november til seminar for hovudsponsoren vår, Vossa Jazz lauget, der tema var korleis ein kan nytta improvisasjon i det daglege arbeidet.
Det var jazzmusikar og professor Bjørn Alterhaug, saman med Olav Dale, som nytta musikken til å visa kor viktig improvisasjon er i det daglege. Bjørn Alterhaug har gjeve ut over 120 verk, har spelt med fleire av jazzen sine legender. Vossing og jazzmusikar Olav Dale debuterte under Vossa Jazz i 1974 og har sidan den tid spelt med fleire store internasjonale jazznamn og er sentralt medlem i fleire band, m.a. som musikalsk leiar for Bergen Big Band.
Det var eit inspirerande og spanande møte mellom musikarar og tilsette hjå medlemmane i Vossa Jazz lauget. Musikararne viste at improvisasjon er å leggje til rette for god kommunikasjon. Dette er tydleg i samspelet mellom musikarar, men òg andre yrkesgrupper kan ha noko å læra av jazzen sin grunnleggjande haldning og vera medskapande og ikkje ha altfor stor frykt for å gjera feil.

