Lyst på prosjektleiarerfaring?

Ekstremjazz

Vossa Jazz er på jakt etter ansvarleg for årets Ekstremjazz. Som ansvarleg for at årets Ekstremjazz vert tidenes beste, er du ein viktig del av Festivalrådet.

Festivalrådet består av frivillige medarbeidarar og møtest 3-4 gonger i forkant av festivalen, kvar dag under festivalen og minst ein gong etter festivalen. Som ansvarleg for Ekstremjazz må du i tillegg rekna med å leggja ned eit ikkje ubetydeleg tal timar utanom desse møta. Du vil også jobba saman med ein nestkommanderande (NK). Denne personen har du høve til å rekruttera sjølv.

Hovudoppgåva:  Planleggja og gjennomføra årets Ekstremjazz på ein nyskapande og sikker måte i samarbeid med musikarar, ekstremsportutøvarar og festivalleiar Trude Storheim + finna medarbeidarar til gjennomføringa.

Vossa Jazz er ein frivillig organisasjon som i all hovudsak baserer seg på frivillig arbeid. Å vera prosjektleiar for Ekstremjazz vil vera gull på CVen sjølv om den ikkje er løna.

Du må vera musikkinteressert og ha kjennskap til ulike former for ekstremsport. Du må også vera ryddig og strukturert og ha evne til å samla menneske med heilt ulike interesser til eitt lag

PS: Me treng også dekorsjef!

Send søknad til trude@vossajazz.no innan 31. januar

Del gjerne!