Kulturprisen 2009 til Trude
Trude fekk Voss kommune sin kulturpris!
Vossa Jazz sin daglege leiar, Trude Storheim, vart sundag 6.12. tildelt Voss kommune sin kulturpris for 2009.
Det var leiar i utval for miljø og kultur, Rigmor Skeie Petersen, som stod for utdelinga og i grunngjevinga var det lagt vekt på at Trude syner eit brennande engasjement i alt ho gjer, er uredd, målretta, ser løysingar og har evne til å lytte og drar med seg andre i spennande prosjekt. Trude er ein god ambassadør for vossebygda.
Prisvinnaren seier det er stor stas å verta tildelt kulturprisen og ho takka Voss, vossingane, kulturkollegane, spesielt dei i Vossa Jazz, som har inspirert og lært ho så mykje.
Måndag, 7. desember 2009 - 9:46

