Jazzparade og utekonsert – ”Diriger (V)oss!”

”Er det fleire som vil?” – Vossa Jazz sin eigen sjefsdirigent Trude oppfordra små og store på torget til å sleppa seg laus og styra Jazzlinja på Trondheim sitt glade ensemble. Oppdraget frå Vossa Jazz til orkesteret var å overraska og engasjera publikum noko dei tok bokstaveleg med plakaten ”Diriger oss!” Orkesteret tok direksjonen frå publikum umiddelbart og mykje av underhaldninga var å sjå om orkesteret klarte å halda fylgje med dirigenten.

Det var stort sett den unge garden som våga seg utpå men og ein og annan vaksen skap-dirigent nytta høve til å prøva seg i rampeljoset. Orkesteret parerte med improvisasjon engasjement og jublande jazz. Om det hadde vore opp til dei unge komande dirigentane skulle det nok vore utekonsert kvar dag.

Del gjerne!