Guddommelege tonar på Pentagon

Ikkje sidan 1986 og Maradonna har folk snakka om ”Guds hand” men ikveld var ho til stades på Pentagonscena i Voss. Og der vert ho sett springande opp og ned halsen på Amund Maarud sin gitar og gav publikum råe men på same tid mjuke bluestonar forkledd som seige og gode soloar som tidvis gav dei oppmøtte både gåsegud og frysningar.

Og dei frammøtte visste å setje pris på tonane frå Maarud sin gitar for stemninga var både elektrisk og inkluderande på ein gong og eit ekstranummer var på sin plass.

På same måte som Maradonna i sine glansdagar demonstrerte Amund Maarud ein overnaturleg kontroll dribla av all motstand og plasserte avslutninga sikkert i mål – ei herleg avslutting på Vossa Jazz 2012.