Finfine Mike Mainieri
Applausen under konserten sa sitt, med stadig applaudering viste publikum sin store begeistring for Mike Mainieri & Northern Lights. Mike Mainieri hadde med seg det stjernespekka teamet Bendik Hofseth, Bugge Wesseltoft, Lars Danielson og Audun Kleive. Eit hav av fortryllande tonar førte tilskodarane inn i ei eventyrverd. Denne type jazz er det ein kan høyrer på dei beste kaffibarane i New York, dette er rett og slett musikk for øyrene. Den stemningsprega konserten var i eigen klasse.
Søndag, 28. mars 2010 - 20:09

