Espen Eriksen og Gunnar Halle til Vossa Jazz med «PSALM»

PSALM
Foto: Freddy Aukdal Vike

Etter stor suksess med sin særeigne julemusikk i prosjektet «Meditations On Christmas» er Espen Eriksen og Gunnar Halle no aktuelle med  konserten og plata «Psalm». Oppskrifta er den same som før: leiken musisering og improvisasjon over salmar og folketonar. Duoen vart starta i 2007, men Eriksen og Halle har spela saman både før og etter i andre prosjekt og kjenner kvarandre musikalsk ut og inn. Eriksen/Halle har turnert i Noreg, Danmark, Spania, England, Skottland, Island og Hellas og tilbakemeldingane har vore dei same overalt: Ei slik tilnærming til ”salmeskatten” vert opplevd som ny, spennande og inkluderande. Salt Peanuts seier det slik: ”Psalm passer like godt for en kirkegjenger på Karmøy som en hedning fra Oslo. Dette er kort og godt vakker musikk!”

Espen Eriksen – piano
Gunnar Halle – trompet

 

 

Del gjerne!