Ein ode til skogen, himmelen og hjartet

Foto: Eirik Åsheim

Sinikka sin fortryllande musikk er inspirert av staden ho kjem frå, nemleg Finnskogen. Meir spesifikt naturen og stunder ho har hatt med dyra som bur der. Sjølv speler ho kantele og syng, og resten av bandet består av Lars Anders Tomter på bratsj, Trygve Seim på saksofon og Markku Ounaskari på trommer. Dag Alveng og Per Maning har fotografert bileta og laga dei metaforiske videosnuttane som vert vist mellom nokon av låtane.

Konserten er ein sleppfest av hennar nyaste album som er inspirert av Tomas Tranströmer sitt dikt Den halvfärdiga himlen. Langeland har tolka diktet vakkert og inderlig. Framføringa er øm og til tider kjennes musikken nesten lengtande. Mange kjensler å omfamne, musikk som tatt ut av ein vakker draum. Det er ingen tvil om at kombinasjonen folkemusikk og jazz er meisterleg magisk.

Her kan du lese meir om Sinikka Langeland Quartet.

Del gjerne!