Ein månad til den 41. Vossa Jazz!

linda_eide_portrett_2_0

Me har spurt eit utval artistar kva forhold dei har til Vossa Jazz – Linda Eide deler dette med oss:

«I ei tid der dei fleste ritual for lengst har mista innhald meining og poeng blir gjennomførte på automatikk og sjeldan tilfører liva våre korkje meir eller mindre – i ei slik tid finst eitt ritual som alltid har innhald som alltid gir meing som alltid utvidar horisonten. Det ritualet heiter Vossa Jazz – i Palmehelga.  Og som ritualist sidan 1987 kan eg ikkje få sagt sterkt nok kor takknemleg eg er for at denne festivalen i si tid vart skipa til og at den framleis held koken og med jamne mellomrom jamvel skrur opp temperaturen. Takk skal de jammen meg ha og gi gass inn i nye førti år pliiiiiiis.

Audmjukt frå ein brukar.»

Viss du vil melda deg på Linda Eide sin kulturtur så sender du ein epost til presse@vossajazz.no – hugs å merka om du vil vera med laurdag eller sundag. AVGRENSA ANTAL BILLETTAR!!

Del gjerne!