Eilertsen kryssa Rubicon

Det var ei sitrande stemning i Vossasalen i minuttane før bassist Mats Eilertsen med orkester kom på scena for å presentera tingingsverket Rubicon. Eit verk bygd opp kring mytene om elva Rubicon som romarane med Julius Cæsar i spissen kryssa for å gå til krig. Årets tingingsverk gjorde sterkt inntrykk på publikum i Vossasalen – noko som resulterte i både spontane utrop og applaus. Eilertsen har – i glitrande samspel med orkesteret – skapt eit ruvande elvelandskap der det er kvar enkelt del som avgjer kor mektig elva er.

Eilertsen har i tillegg sett saman orkesteret sitt etter same prinsippet. Sju glitrande instrumentalistar med kvar si ruvande stemme kjem saman til eit ensemble-spel som både meistrar det kunststykket å lata kvar stemme koma til sin rett samstundes som heilskapen løftar kvar enkelt av dei til nye høgder.

Elva Rubicon – eit sterkt symbol på det som er utfordrande for oss – er med dette kryssa!