Dragspelande Don Juan baud opp til dans i Festsalen

_mg_1625-2

Geoff Berner er ein scenepersonlegdom utanom det vanlege. Dragspel og mann – kven veit kor han sluttar og blåsebelgen byrjar? Han er kjend som ein musikalsk villmann som presenterer klezmerske tonar i sjiktet mellom galskap og genialitet. Med seg på scena i går var kanskje Noregs fremste band i klezmer-sjangeren Goylem Space Klezmer. Som det ligg i namnet desse karane leikar seg i eit galaktisk klezmersk musikkunivers.

Kombinasjonen av band og namn var noko publikum visste å setja pris på. Og dei som skulle vera skeptiske vart fort overvelda av det forrykande tempoet og dei ville valsane. Det var som eit heftig melodiøst tog i maks fart der om ein ville vera med måtte henga på. Og lokomotiv(for)føraren Berner pusha stadig farten fortare og fortare. Under gårsdagens konsert var det som om uansett kor Berner var i lokalet var han alltid på høgget med nye tonar og nye innfall. Eit klezmersk fyrverki som stadig baud publikum opp til villare og villare dans. At den kanadiske whiskey-rabbien er noko heilt for seg sjølv viste seg når han augna ein noko sliten jazzar som blunda litt med augo. I neste augneblinken var mannen på beina og inne i valsen.

Del gjerne!