Badnajazz: Lektor Bjerkes Orkester
Foto: Ann Steindal
Lektor Bjerkes Orkester syng og spelar berre kjekke songar. Dei likar å kle seg i stilige hattar og fargerike kle. På programmet står kjende og kjære barnesongar, men mykje av musikken vert til undervegs. Musikarane veit å traktera instrumenta sine og har bakgrunn frå ulike stilartar, både salmesong, pling-plongmusikk, bygderevy, felegnikk og rock`n roll. Det er med andre ord duka for ei særdeles underhaldande stund på Mølstertunet! Det vert leik og moro med vanlege og uvanlege instrument - kjende songar i ny innpakning og tull og tøys i skjønn foreining. Kom tidleg – her vert det utselt på ein, to, tre!
Sigrid Moldestad - hardingfele og vokal
Anders Bitustøyl - bass og vokal
Sigbjørn Apeland - orgel og vokal
Øyvind Skarbø - trommer og vokal
English:
Lektor Bjerkes Orkester
Children's program with aforementioned Sigrid Moldestad. This adventureous band present a mix of folk music, jazz and a just a hint of madness. Bring your children og your inner child along!
Mølstertunet laurdag kl. 13:00. Billettsal under festivalen.
Produksjonen er eit samarbeid mellom Hordaland Fylkeskommune og Rikskonsertane.

