Lastar Hendingar
Tord Gustavsen og Simin Tander

Tord Gustavsen og Simin Tander

  • Denne hending er over.
sundag 20. mars

Kl 15:30

I januar 2016 kjem Tord Gustavsen med plata What Was Said på ECM. Saman med songar Simin Tander og trommeslagar Jarle Vespestad nytolkar og utfordrar han gamle norske salmar i ein andeleg og fri dialog. Afghansk-tyske Tander har med hjelp av poeten B. Hamsaaya oversett eit utval salmetekster til det uutgrunnelege vakre afghanske språket pashto. I dei nye komposisjonane har Gustavsen lete seg inspirere av sufi-poesi.

Tord Gustavsen har tidlegare samarbeidd med songarar som Solveig Slettahjell, Masha Vahdat, Kristin Asbjørnsen og Synne Sanden. Det nye albumet er ei naturleg vidareføring desse prosjekta, samt dei fine trio- og kvartettalbuma hans. Samstundes vert dette fyrste gong han tek i bruk subtile elektroniske element i tillegg til det fantastiske akustiske flygelspelet han er kjend for.

Simin Tander – vokal
Jarle Vespestad – trommer
Tord Gustavsen – piano og elektronikk

English
In January 2016 Tord Gustavsen releases his new album What Was Said on ECM. With Afghan-German singer Simin Tander and the amazing Jarle Vespestad on drums he reinterprets and challenges ancient Norwegian hymns. Some of the lyrics has been translated to the beautiful Afghan language pashto by Tander and the poet B. Hamsaaya. The album is a natural succesor to earlier collaborations, trio and quartet-music by Gustavsen, but this is the first time he will use subtle hints of electronics in addition to his magnificent acoustic piano playing.

Video som er laga i samband med platesleppet: