• Denne hendinga er over.

Karl Seglem, Tingingsverk 2012

laurdag 31. mar 2012

Tingingsverket, som er det 31. i rekkja, har Seglem valt å kalla «Som spor». World-jazz er det mest dekkande sjanger-omgrepet som kan nyttast om musikken og lydbileta Karl Seglem skapar. Verket vil vidareutviklast i det musikalske landskapet frå tidlegare CD-utgjevingar, mellom anna «Ossicles», frå 2010, som kalla fram femmarar og seksarar på terningane rundtom i pressa.

Med seg til festivalen har Seglem eit handplukka ensemble med Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo på hardingfeler, Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo på tangentar, Stefan Bergman på bass og gitar og Kåre Opheim på trommer og perkusjon. I tillegg til musikken kan publikum nyta konserten visuelt med bakteppe av fotograf Oddleiv Apneseth, lys- og biletedesignar Tord Knutsen. Lyddesign ved Asle Karstad.

Urframføring i Vossasalen på Park Hotel Vossevangen, laurdag 31. mars klokka 18:00.

Karl Seglem – tenorsaksofon, bukkehorn
Sigrid Moldestad – hardingfele
Håkon Høgemo – hardingfele
Lars Jakob Rudjord – tangentar
Andreas Ulvo – tangentar
Stefan Bergman – bass
Kåre Opheim – trommer, perkusjon
Oddleiv Apneseth – foto
Tord Knutsen – lys- og bildedesign
Asle Karstad – lyddesign