• Denne hendinga er over.

Eldrejazz: Drivstoff

laurdag 31. mar 2012

Tolv unge musikarar frå Trondheim legg ut på turné med ynskje om å utvikla seg – og tenna engasjementet rundtom i Nordens jazzklubbpublikum, ungdom og festivalpublikum! Gjennom å søkja saman i større og mindre konstellasjonar, vert det skapt gnistar på tvers av musikalske personlegheiter.

Det vert ulike inntrykk og uttrykk, både minimalistisk, eksplosivt, fritt og fast. Anten det er gjennom improvisert musikk, eigne eller andres sine komposisjonar, vert det stoff som driv!